Njål Tengesdal studerte ved South Dakota School of Mines and Technology (SDSM&T). Ingeniørstudenten fekk stort utbytte av utvekslingssemesteret.
Høyere utdanning – utveksling
August 2014 - desember 2014
Kvar var du på utveksling?
– Eg var hjå School of Mines and Technology (SDSM&T) i byen Rapid City, som ligg i Sør-Dakota. Eg valde denne staden basert på kva inntrykk andre studentar hadde av skulen og kva friluftsmoglegheiter som fans i området. Faga eg tok var relevante og passa god med studia mine ved Høgskulen i Telemark.
Kva erfaringar sit du att med?
– Eg har fått betre kulturell forståing og språkkunnskapar. Eg har òg vorte betre til å tilpassa meg, til dømes når det gjeld ulike undervisningsformer.
Det kjekkast var dei gode venskapa eg fekk til andre internasjonale studentar og studentar frå USA. Det var gode mogelegheiter til å bli kjend med andre gjennom sosiale aktvitietar, friluftsliv, idrett med meir. Det satte eg stor pris på.
Det var ei utfordring å tilpasse fagplanen min og å gjera den relevans til den eg ville hatt i Noreg. I tillegg var det ein lang prosess med å skaffe visum. I starten var det og litt vanskeleg å tilpasse seg studia i USA. Vanskelege fag gjorde læringskurva bratt i starten.
Vil du tilrå andre til å reisa på utveksling?
– Heilt klart! Ein får stort utbytte av å reise på utveksling. Du får nye venskap, vert utfordra og lærer å samarbeide med andre studentar i eit anna miljø.
Bruk mykje tid på å setje saman ein god fagplan slik at du ikkje møter på mykje utfordringar og problem når du først har kome til landet. Ver utadvent, ta del i prosjekt på skulen og sosiale hendingar med andre internasjonale studentar.
Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim
Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Personvern
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Følg oss på Youtube