Offentlig og kvalitetssikret

– På ein av verdas største innandørs universitetsfestar i Bielefeld.

– Reis! Så mykje du berre klarar

– Det kjekkaste var nok å oppleve språkmeistring og at eg gjekk frå å konsentrere meg om eigne formuleringar og uttrykksmåtar til å faktisk kunne uttrykke kva eg meinte utan å måtte tenke meg så nøye om.

Reidun Oline Holme

Høyere utdanning – utveksling

Våren 2013

Med fordjuping i tysk vart Tyskland eit naturleg val for Reidun Oline Holme då ho skulle på utveksling. Våren 2013 var ho Erasmus-student ved Universität Bielefeld.

Kvifor ville du til Tyskland og Bielefeld?

– Som tyskstudent ville eg gjerne lære meg tysk flytande – då vart naturlegvis Tyskland det beste alternativet. Heilt ærleg var nok valet av studieby, altså Bielefeld, ganske tilfeldig. Eg visste på førehand at dialekta dei hadde i denne byen var tilnærma lik den målforma eg ønskte å lære meg. Dessutan ville eg ikkje bu i ein alt for stor by, då eg har fått inntrykk av at oppfølginga vert langt dårlegare. Sjansane for å bli kjent med alle dei andre internasjonale studentane var òg mykje større i ein såpass liten by (ca. like stor som Bergen). Bielefeld låg sentralt plassert i nærleiken av dei fleste store byane i Tyskland, og når vi då fekk reise gratis i dette ”fylket”, vart valet enkelt!

Kva likte du best med studiestaden?

– Eg elska dei lave prisane! Og tilgjengelegheita til alt! Sjølv om vi budde eit stykke frå Berlin, kunne vi få tak i alt vi ville og oppleve utruleg mykje gøy likevel. Der var så mange tilbod på kulturelle opplevingar, men òg på naturopplevingar (sjølv om ein ikkje skulle ha trudd dette om Tyskland… ). Skulen hadde òg mange gode tiltak for oss som internasjonale studentar, til dels festar, ”mentorar”/faddarar, turar, filmkveldar, snakkegrupper og så vidare.  

Var det noko du ikkje likte?

– Tja, å komme heim til moderlandet og måtte betale 30 kroner for ein espresso?

Korleis var undervisninga?

– Undervisninga var i langt større grad basert på studentaktivitet, der vi måtte presentere, oppsummere, forklare og så vidare. Kan kanskje difor samanliknast med norske høgskular. Men, i alle fall på mi line, var kvar student godt førebudd og var engasjerte i eiga læring, slik at desse timane vart lærerike og gjorde at det vart kjekt å førebu seg til kvar time.

Kva språk gjekk undervisninga på og korleis var det å studere på dette språket?

– Tysk, så klart! Det gjekk overraskande fint å ha all undervising på tysk. Var spent på korleis dette skulle gå då eg kom ned, men mitt passive ordforråd redda meg frå mange skumle situasjonar.

Gjekk du på språkkurs før du byrja?

– Ja, på eit 3 vekers språkkurs arrangert av universitetet der.

Korleis vart du kjend med folk?

– Eg jobba hardt for å få bu med lokale tyskarar, noko eg klarte. Dette gjorde det enkelt å bli kjent med mange ”native speakers”. Både på universitetet og på hybelen var det difor enkelt å bli kjent med folk. Andre internasjonale studentar jobbar jo knallhardt for å bli kjent med andre som er i same situasjon som dei sjølve – enkelte fordi dei er einsame, andre fordi dei genuint er glade i bli kjent med andre på tvers av nasjonalitet.

Kva gjorde du på fritida?

– Trente ein del, bada i lokale ”Freibad” og var med på dei tiltaka som skulen arrangerte. Reiste òg MASSE!

Kva råd gir du dei som har lyst å reisa på utveksling?

– Reis! Så mykje du berre klarar! Og det kan vere smart å bu med nokre fastbuande og ikkje med andre internasjonale studentar. Då er det mykje lettare å få seg eit stabilt og roleg miljø, samtidig som ein gjerne får meir overskot til å delta på aktivitetar for internasjonale.

Kva var det beste med opphaldet?

– Det var veldig spennande å lære fun facts om andre kulturar, men òg om kva stereotypar andre har til Noreg. Vi vart nok sett på som litt snobbete fordi vi, i motsetning til dei fleste, hadde råd til å vere med på stort sett alt som vart arrangert. Det kjekkaste var nok å oppleve språkmeistring og at eg gjekk frå å konsentrere meg om eigne formuleringar og uttrykksmåtar til å faktisk kunne uttrykke kva eg meinte utan å måtte tenke meg så nøye om. Slik fekk eg meir ”overskot” til å få ein djupare kjennskap til dei andre studentane.

Meiner du at studentar bør ha et studieopphald i utlandet?

– Absolutt! Ein lærer så utruleg mykje om andre menneske, om andre kulturar, men ikkje minst om seg sjølv! I starten av opphaldet føler ein seg gjerne nærmast tilbakeståande; der er så mykje ein ønskjer å uttrykke, men som ein ikkje klarer å formidle. Etter kvart som ein meistrar språket betre, kan ein få sleppe frå seg nettopp kjensla av å vere makteslaus. Ikkje berre er det godt å kjenne på den meistringa av å overvinne dette, men det er òg viktig for si eiga modningsprosess; at ein lærer å forstå korleis det er for innvandrarar eller andre utsette grupper i Noreg å vere utanfor.

Korleis søkte du?

– Eg søkte gjennom UiB og deira Erasmus-avtale.

Korleis fann du stad å bu?

– Gjennom universitetet i Bielefeld fekk eg fleire tilbod som eg ikkje fann tilstrekkelege. Difor enda eg opp med å bruke 2,5 månader på å leite sjølv. Det tok lang tid, men var så utruleg verdt det!

Kan du seia litt om kostnader?

– Eg betalte ca. 2000 kr i skulepengar (som inkluderte gratis reising i heile ”fylket”) og 1500 kr i månaden for hybel. Elles var mat, toalettsaker og så vidare rundt halvparten av norske prisar.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) | Copyright © 2019
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern