– Eg kunne tenkje meg å jobbe i Berlin

– Eg er veldig nøgd med studiane, og tykkjer at forelesarane er flinke og kunnskapsrike. Dei er også gode til å formidle, seier Bentsen.

Marie, Reidun og Nina

Høyere utdanning – utveksling

Studieåret 2012-2013

– Berlin har nesten den same atmosfæren som New York. Den er berre litt kulare, seier Nina Bentsen, som er Erasmus-student i den tyske storbyen.

Det var språket og ønsket om eit avbrekk frå dei vanlege studia i Noreg som trakk Marie Haugland, Reidun Svalebjørg og Nina Bentsen til Tyskland.

Humboldt Universität zu Berlin er eit av Europas eldste universitet, og dei tre jentene tek eit Erasmus-opphald der som ein del av jusstudiet ved Universitetet i Bergen. Å studere i Berlin har overgått alle forventingar.

– Eg er veldig nøgd med studiane, og tykkjer at forelesarane er flinke og kunnskapsrike. Dei er også gode til å formidle. Alle førelesningane er på tysk, men dei tek ekstra omsyn til oss som er Erasmus-studentar, og gjentek stoffet slik at vi skal forstå. I tillegg tilbyr dei oss eigne munnlege prøvar, seier Bentsen.

Etter kvart har jentene fått ein omgangskrets av tyske studentar, som gjer at dei får praktisert språket også utanfor førelesningssalen. Studia i Tyskland er annleis enn heime, fortel jentene.

– Vi er vand med å ha eit fag om gongen, her har vi sju fag på same tid. Det er ein veldig stor skilnad. I Noreg har vi også fleire oppgåver vi kan levere undervegs, medan her avsluttar du semesteret med ei stor prøve, fortel Marie Haugland.

Populære nordmenn

Ein stor fordel med Tyskland, er at det er billeg å bu, ete og gå ut. For studentar er kollektivtransport gratis, og det er lett å kome seg rundt. Jentene seier at dei som nordmenn kjenner seg litt bortskjemde når dei møter studentar frå andre europeiske land.

– Det norske studielånet rekk langt, og i tillegg får du jo Erasmus–stipend. Heime har du kanskje råd til å gå på konsert ein gong i månaden. Her treng du ikkje å prioritere kino eller konsert, du kan gå på kva du vil, seier Reidun Svalebjørg.

Berlin er ein levande by med mange konsertar og kunstutstillingar, fortel dei norske studentane. Mange norske artistar som er små og alternative i Noreg, har ei stor fanskare i Tyskland. Nordmenn er populære, noko studentane har merka.

– Tyskarar er ganske direkte, på godt og vondt. Viss det er noko dei ikkje likar, seier dei ifrå. Men dei er kontaktsøkande, og lett å kome i prat med, særleg når dei høyrer at vi er norske, seier Haugland.

Vil jobbe i Berlin

Dei tre studentane trur at både kjennskap til EU, tysk rett og samfunn, samt det tyske språket, vil vere til fordel for dei som juristar når dei skal ut i arbeidslivet. Dei ser heller ikkje vekk frå å jobbe i Tyskland etter studiane.

–Det er fleire norske advokatfirma som etablerer eigne kontor her. Eg kunne tenkje meg å jobbe i Berlin. Eg har fått smaken på byen, og har ikkje lyst til å dra heim, seier Haugland.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern