Å gå på UWC gir heilt nye perspektiv

"Det aller beste med å gå ein UWC-skule, er alle menneska du møter frå heile verda.  Du lærar av andre, du lar deg inspirere og verda blir utruleg mye mindre" seier atten år gamle UWC-eleven Elisteinar.

Elisteinar Tenga

Videregående opplæring

United World College (UWC) består av 16 internasjonale vidaregåande skular kor ein lever og lærar saman med engasjerte elevar frå heile verda. Elisteinar Tenga frå Ås har vore elev ved UWC Atlantic College i Wales i halvanna år. Skulen, som faktisk er eit slott frå 1200-tallet, husar over 400 elevar frå nær 90 ulike nasjonar.

Foto i Wales: Shaun A. Walker

Utvider perspektivet

-    Det er eit spesielt internasjonalt miljø og eg stortrivast her. I møte med andre menneske, endrar og utviklar du deg heile vegen. Du utvider eigne perspektiv og tenker på nye måtar. Eg er vorten mykje meir engasjert som menneske i løpet av tida mi som UWC-elev.

- Akkurat her eg ville vere

I august 2015 drog Elisteinar til Wales for å starte det toårige løpet på UWC.  Han hugsar godt fyrsteinntrykket.

-    Eg var blant dei siste som kom fram til skulen og klokka var over midnatt. Skulen er jo eit slott frå 1200-talet, det var heilt mørkt og fyrste natta blei veldig spesiell. Når eg vakna neste dag, gjekk inn i opphaldsrommet og såg at 50 ansikt frå heile verda kikka på meg, var det heilt overveldande. Då visste eg at det var akkurat her eg ville vere.

Han hamna på firemannsrom med ein frå Canada, ein frå Peru og ein frå Finland.  Å bu så tett på kvarandre er hyggeleg, men kan òg by på utfordringar.

-    I starten var me veldig påpasselege, men etter kvart vart me veldig godt kjende med kvarandre.  Då er det naturleg at det også oppstår småkrangling i blant, men ein lærer veldig mykje av å bo så tett saman. Folk er rundt deg heile tida.

Husk søknadsfrist til UWC 25. januar!

Set saman skulekvardagen sjølv

UWC Atlantic College er kjend for sin innovative pedagogikk og høge akademiske standard. Timeplanen vert i stor grad satt saman av elevane sine eigne ønskjer. Elisteinar tar nå seks fag; engelsk, historie, spansk, matte, norsk og enviromental systems.

-    Eg likar veldig godt at vi sjølv får velje fag. At eg no berre har seks fag, gjer at eg kan fordjupe meg og få nye utfordringar innanfor felt som eg er interessert i.

Han legg ikkje skjul på at skulearbeidet til tider kan være tøft.

-    Starten er ganske rolig, men etter kvart blir det meir krevjande og ein må bruke mykje tid på skulen. Nivået er høgt og det mange dyktige elevar her. Men samstundes er vi flinke til å hjelpe kvarandre.

Song og fotball

Ein ting er hektiske skuledagar. Men òg på fritida har Elisteinar nok å halde fingrane i.

-    Eg er med i ei gruppe som driv med musikalsk terapi. Dette er både for unge som for eksempel har ADHD eller for eldre menneske som gjerne har Alzheimers eller slit med hukommelsen. Det var litt rart i starten, men no koser eg meg med arbeidet. Det utruleg givande å sjå at vi får så god respons frå pasientane på eldreheimen i nærleiken av skulen.

Song og musikk står sentralt. Elisteinar er òg leiar for skulens Acappella-kor.

-    Vi øver ofte og har hatt fleire konsertar både på skulen og på andre arrangement. Vi har sunge med koret til BBC Wales og gir ut CD-kvart år. I tillegg speler eg ein del fotball, noko som eg også gjorde mykje heime i Norge. I fjor deltok vi mellom anna i den walisiske skulecupen. 

UWC Atlantic College ligg aude til på sørkysten av Wales, eit godt stykke unna dei større byane. Nærmaste landsby er St. Donats, der det berre bur i underkant av 1000 personar.

-    I helgene hender det difor at vi reiser til Cardiff eller Bristol, slik at vi får vore litt vekke frå skulen.  På fritida heng eg mest med ein annan frå Noreg, ein peruansk-italiener og ein spansk-belgiar frå Brasil.

Har lenge planlagt å gå på skule i utlandet

-    Heilt sidan eg var 12-13 år, har eg hatt planer om å gå på skule i utlandet. At eg til slutt søkte UWC, var litt tilfeldig. Det var ein eg kjende som allereie hadde gått på UWC i Wales og etter å ha snakket med han eit par gonger, bestemde eg meg for å søke. 

Sjølv om søkarar får komme med sine prioriteringar i søknaden, er det nominasjonskomiteen som til slutt avgjer kvar dei utvalde får tilbod om skuleplass.

-    Eg ønskja meg eigentleg til Canada, men med ein gong eg fekk vite at eg fekk plass på UWC i Wales, byrja eg å glede meg. I dag er eg kjempeglad for at hamna her. 

Elisteinar på UWC i Wales - UK

Elisteinar sammen med venner på UWC Atlantic college i Wales, UK.
Foto: Shaun Walker/SAW Photography

Har opna nye dører

Sommaren 2017 er Elisteinar ferdig på UWC Atlantic College. Kva han skal gjere vidare, veit han ikkje heilt. Men vidare akademisk utdanning blir det.

-    Eg har mest lyst til å studere internasjonale relasjonar og statsvitskap, og har allereie søkt  til universitet i Storbritannia. Uansett har UWC-opphaldet opna dører eg aldri har sett før meg tidlegare. Måla mine har endra seg og eg har blitt meir ambisiøs enn var tidlegare.

-    Kva vil du seie til andre som vurderer å søke UWC?

-    UWC er heilt supert og noko eg verkeleg anbefaler. Samstundes må ein vere innstilt på å bo eit stykke heimafrå og  at ein må arbeide hardt. Gjer du det, vil UWC bli ei oppleving for livet. 

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern