Hannah (18) står med eit nett over skuldra i ein park med grøne tre og pratar med to veninnar.

Vidaregåande i Frankrike

– Så snart du lærer litt fransk, går det veldig mykje betre

Heilt sidan ho var lita hadde Hannah hatt lyst til å dra utanlands. Ho er veldig glad for at ho valde å gå tre år på skule i Frankrike.

Hannah Chaplin Laugaland

Videregående opplæring

Hannah Chaplin Laugaland (18) er frå Ryfylke i Rogaland. Ho går tredje året på Lycée Pierre Corneille og har tatt heile vidaregåande der. Dette er ei ordning alle norske elevar kan søke på.

Kva fekk deg til å reise til Frankrike for å gå på skule?

– Eg hadde lyst til å gjere noko annleis etter ungdomsskulen, ikkje berre begynne på den fyrste og beste skulen i Stavanger. Eg såg på ulike utvekslingsprogram, men dei fleste er veldig dyre. Denne ordninga kan alle vere med på, og så er det tre år, ikkje berre eitt. 

– Eg er veldig glad for at eg ikkje reiste heim frå Frankrike etter eitt år, for du treng meir tid for å komme skikkeleg inn i ting og få mest mogeleg ut av det.

Korleis fekk du vete om ordninga?

– Eg såg det på Facebook, og det var rett før søknadsfristen. Eg syntest det såg kult ut, og viste det til mor mi som òg syntest det så kult ut. Så då begynte eg på søknaden same kvelden.

Korleis var det å kome hit, var det som forventa?

– Eg hugsar ikkje heilt kva eg forventa, anna enn at det skulle vere spennande. Men det var veldig kjekt å kome hit. Me var mykje trøytte det fyrste året, på grunn av fransken og at det var så mykje som skjedde.

Var det noko som overraska deg, eller som du syntest var framand?

– Maten var litt uvan; for eksempel frukosten i kantina, som var mykje sjokopops, sjokolademelk, baguettar og honning. Eg hugsar me gjekk og var svoltne heile tida i starten, før me blei vane med maten. Og det at dei faktisk et ost til kvart måltid, det trudde eg var ei overdriving, men det er jo slik.

Hadde du hatt fransk før du kom?

– Nei, eg gjekk på ein liten skule som ikkje hadde tilbod om fransk. I starten syntest eg faktisk det var herleg å kunne seie til folk at eg berre hadde hatt fransk i éin månad, i staden for å måtte fortelje at eg hadde hatt fransk i tre år. Så det syntest eg berre var ein fordel.

– Læringskurva er jo veldig bratt. Eg syntest grammatikken var frustrerande i starten, men det kom seg etter kvart. Det er mykje lettare å lære ved å høyre, enn ved å pugge grammatikk.

Korleis gjekk det med skulearbeidet elles?

– Det gjekk ganske bra. Det var kjekt å sjå forbetringane i karakterane frå det eine semesteret til det andre. På den fyrste fysikkprøva fekk me tre norske i klassa «ingen karakter», på den andre var me blant dei beste i klassa. Så snart du lærer litt fransk, går det veldig mykje betre.

Korleis er det sosiale?

– Det sosiale er veldig bra. På førehand hadde eg nok forventa å bli betre kjend med dei franske. Eg går på klatring og er med ein del vener der. Og i fjor hadde me ein veldig hyggeleg klasse, me åt ofte i lag med dei og sånn. Men etter skulen er me mest med dei andre norske.

– Eg har mine beste vener her, og eg gler meg alltid til å kome tilbake hit etter feriar. Eg kosar meg veldig med det gode miljøet me har.

Har du reist noko?

– Eg vil jo utnytte at me bur i Europa, så i fjor etter vårferien var me ein gjeng som reiste til Barcelona etter seksjonsferien. No skal eg og ei anna til Roma i haustferien. Og så har me vore i Paris mange gonger.

Kva er det mest utfordrande med å vere her?

– Me har lange dagar på skulen, og skule på laurdagar. Så ein får ikkje tid til å gjere så mykje anna som eg hadde håpt.

Har det at du går her påverka korleis du tenker om framtida?

– Eg hadde nok uansett hatt lyst til å reise til utlandet, det har eg hatt lyst til sidan eg var lita. Den franske bac-en (avgangseksamen) gir meg nok fleire mogelegheiter, fleire ting å velje i. Eg håpar eg får så gode karakterar her at eg kan kome inn på kva eg vil i Noreg.

Kva vil du seie til andre som lurer på om dette kan vere noko for dei?

– Viss det passar, så passar det veldig, veldig bra. Men det passar ikkje for alle. Viss du synest det høyrest kjekt ut, må du søke.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) | Copyright © 2019
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern