– Mange studentar med nedsett funksjonsevne gir opp litt for tidleg. Men det er fullt mogleg å ta studieopphald i utlandet. Det aller meste kan løysast om man er litt frampå og tøff, seier Jonathan Torstensen.
– Mange studentar med nedsett funksjonsevne gir opp litt for tidleg. Men det er fullt mogleg å ta studieopphald i utlandet. Det aller meste kan løysast om man er litt frampå og tøff, seier Jonathan Torstensen.
Jonathan Torstensen har cerebral parese, noko som for hans del inneber å vere svekt i venstre fot og hand. Han går heilt fint, men haltar litt. Og han har nedsett finmotorikk i venstrehanda. Men ingenting stoppa han frå å studere eit år i Lyon, Frankrike.
– Eg liker å utforske nye ting, og eg fikk lyst til å studere i utlandet ein periode. På mitt fag, nanoteknologi, vel dei fleste USA eller Sveits om dei reiser ut, men eg ville prøve noko anna. Eg hadde fransk på skolen og ville til Frankrike. Det angrar eg ikkje på, fortel Jonathan.
Alle norske studentar har rett til å ta eit studie- eller praksisopphald i utlandet som ein del av den norske graden. Dette gjeld også studentar med nedsett funksjonsevne. Om lag 15 prosent av norske studentar har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne. Få av disse reiser ut.
Jonathan Torstensen var student ved det anerkjente universitetet INSA Lyon i 2012. Han hadde vanleg stipend og lån frå Lånekassen. I tillegg hadde han Erasmus-stipend på om lag 1500 kroner i månaden. Dessutan kunne han ha fått ekstra økonomisk støtte frå Erasmus til spesiell tilrettelegging, om han hadde søkt.
Mastergraden i nanoteknologi ved NTNU gjorde han ferdig i 2013. No er han i gang med ph.d. i nanoteknologi ved NTNU i Trondheim.
Jonathan seier at han møter to hovudreaksjonar på funksjonshemminga. Nokre trur at han klarer det same som alle andre. Andre ser at det er noko, men veit ikkje kva det er og vågar heller ikkje å spørje.
– Vi med nedsett funksjonsevne må bli flinkare til å forklare folk kva det inneber. Her stoppar det opp for mange, inkludert meg sjølv nokre gonger. Ein synest det er ubehageleg å vere til bry. Dette er ein litt typisk norsk tankegang. Sjølv hadde eg ikkje nokre problem med å få hjelp i Lyon, berre eg bad om det. Folk aksepterer meg helt greitt når eg berre er open, seier Jonathan.
INSA Lyon hadde eit godt apparat for å ta imot studentar med nedsett funksjonsevne, erfarte Jonathan. Han fekk rettleiingstime og møte med psykolog for å kartlegge behova hans.
– Så bra oppfølging har eg aldri opplevd i Norge eingong. Men eg liker å klare meg sjølv. Sånn er eg. Eg har lært å finne ut av det sjølv, og utvikle eigne teknikkar. Eg hadde ingen assistent, til dømes. Eg kunne heilt sikkert ha fått mykje meir hjelp i Lyon om eg ville.
Det er særleg den manglande finmotorikken i venstrehanda som gir utfordringar for Jonathan, og då særleg på lab.
– Alt på lab er tilpassa funksjonsfriske folk. Når vi driv med til dømes celledyrking, er det strenge prosedyrar og alt må vere sterilt. Eg bruker berre ei hand, så eg må få gjere det på min måte. Ting tar meir tid for meg. Men klart: Eg får hjelp av andre når eg treng det.
– Kva slags meirverdi fekk du av å studere i Lyon i eit år?
– Å reise ut aleine gir en god moglegheit for å bli betre kjent med seg sjølv. Eg har alltid vore sjølvstendig, men eg blei mykje flinkare å stå på eigne bein, og det er godt. Eg har utvikla nye ferdigheiter og blitt betre på å takle endringar og utfordringar. Og eg har lært fransk flytande, det var viktig for meg.
Men alt var ikkje berre enkelt, særleg ikkje i starten, fortel Jonathan.
– Det var mykje på ein gong i starten. Å vere einaste nordmann, var litt vanskeleg. Dessutan viste det seg fort at eg ikkje var så god i fransk som eg trudde. Og franskmenn vil jo snakke berre fransk. Men jo da: Etter eit år i Lyon blei eg veldig god i fransk.
No er Jonathan Torstensen i gang med ph.d.-arbeid, der han jobbar med nanocellulose.
– Det er veldig spennande å jobbe med forsking, og eg trivst godt med å lære noko nytt kvar dag, og å presse grensene for kva eg kan forstå. Nanocellulose er eit spennande materiale som kan brukast i alt frå bleier til elektronikk, seier Jonathan Torstensen.
Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim
Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Personvern
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Følg oss på Youtube