- Eg hadde lyst å lære språket betre, lære om ein ny kultur og oppleve nye ting.

Kajsa frå Bergen tok vidaregåande skule i Bayeux i Frankrike. No studerer ho psykologi ved Universitetet i Bergen. 

Kva gjorde at du valde å ta vidaregåande i Frankrike?

Eg hadde lyst å lære språket betre, lære om ein ny kultur og oppleve nye ting.

Kunne du fransk frå før? Korleis gjekk det med språket?
Eg kunne ikkje så mykje fransk frå før. Eg tok fransk på ungdomsskulen, så eg hadde et lite grunnlag. I byringa var det vanskeleg å lære seg fransk. Det var litt vanskeleg å forstå alt lærarane sa på skulen, men etter kvart så gjekk det mykje betre. Med hjelp frå vertsfamilie og vener i Frankrike så lærer man veldig fort.

Kva var det kjekkaste med å vere i Frankrike?
Det kjekkaste var å få nye vener, både norske og franske,og det å få oppleve ein ny kultur og få kjennskap til ein vertsfamilie som no er min «andre familie».

Korleis blei du tatt i mot av dei franske elevane?
Eg føler eg blei tatt godt i mot av dei franske elevane og at dei var interessert i oss norske, men i starten var det ein liten språkbarriere.

Kva var det mest utfordrande?
Det mest utfordrande er kanskje at språket er vanskeleg i starten, og då er det kanskje ekstra tungt å lære seg fag på skulen i tillegg. Det kan vere litt vanskeleg og frustrerande av og til, når man ikkje forstår grammatikken eller enkelte ord. Men det blir betre. Og så er det jo sjølvsagt litt utfordrande å vere vekke frå vener og familien.

Kva opplevde du som det største kultursjokket då du reiste til Frankrike?
Det var kanskje at dei hadde andre matvanar enn det vi har i Noreg, og at dei et til ulike tider. Det var litt vanskeleg av og til, og man blei gjerne svolten til andre tider enn franskmennene. Men det løyste vi veldig enkelt.

Korleis har opphaldet i Frankrike hatt innverknad på framtidsplanane dine?
På den måten at eg tenkjer at eg gjerne vil jobbe med fransk eller internasjonalt samarbeid eller ein organisasjon seinare.

Korleis trur du opphaldet i Frankrike vil ha innverknad på karrieremoglegheitene dine?
Opphaldet i Frankrike vil absolutt opne moglegheitene når det kjem til karriereval, og man kan arbeide i veldig mange forskjellige land i verda. Og det ser eg på som ein stor moglegheit. Eg tykkjer det er viktig med internasjonalt samarbeid, og no som verda blir meir global så er det godt å kunne ha eit ekstra språk med seg.

Korleis er det å studere i Noreg etter å ha vore så lenge i Frankrike?
Det å komme tilbake til Noreg for å studere har vore veldig greitt. Eg føler at opphaldet i Frankrike har gjort at eg har utfordra meg sjølv og blitt meir sjølvstendig. No føler at eg kan klare det meste berre eg jobbar hardt nok for det. Så det har absolutt hjelpt meg no som eg har byrja å studere i Noreg.

Kva råd og tips har du til andre som ønsker å ta vidaregåande skule i Frankrike?
Rådet mitt er å ikkje ta ting så tungt i byrjinga. Det er mykje nytt og det kan vere vanskeleg, men det kjem til å gå betre etter kvart. Ein må gi seg sjølv litt tid. Alle lærer i ulikt tempo.

Kjem du til å reise tilbake, trur du?
Eg kjem absolutt til å reise tilbake til Frankrike, både for å besøke kjende og forhåpentlegvis i samanheng med jobb eller utdanning.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) | Copyright © 2019
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern