Offentlig og kvalitetssikret

– Eg på tur i Monaco

– Eg hadde høyrt nokon historier om snurrebartar og vin, det var det

– Eg hadde ikkje noko forhold til Frankrike og visste lite om landet. Eg hadde høyrt nokon historier om snurrebartar og vin, det var det. Eg har alltid hatt ein sterk reiselyst og ville vekk, ut å oppdage verda. Kvifor ikkje, tenkte eg, når eg kan, prøve å ete nokre sniglar?

Kristina Robinson

Høyere utdanning – utveksling

Våren 2012

Kristina hadde ei fantastisk tid i La Rochelle. Det einaste ho sakna var skikkeleg mjølk og ostepop.

Visste du at du ville til Frankrike?

– Eg hadde ikkje noko forhold til Frankrike og visste lite om landet. Eg hadde høyrt nokon historier om snurrebartar og vin, det var det. Eg har alltid hatt ein sterk reiselyst og ville vekk, ut å oppdage verda. Kvifor ikkje, tenkte eg, når eg kan, prøve å ete nokre sniglar?

Eg reiste til La Rochelle fordi eg ville komme tett på franskkultur. Eg hadde og sett mange fine bilde av strender og høyrt rykte om god sjømat.

Kva likte du best?

– Frankrike er jo gode på vin og mat, men det var ikkje difor eg fall for landet. Eg har lyst å svare verdens beste kebab. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg satt på stranda i La Rochelle med ei øl i venstre hand og ein kebab i høgre. Rundt meg satt det ein god og blanda gjeng frå alle verdsdelar. Det er desse kveldane eg minnast best, då eg fekk meg nye gode venner.

La Rochelle er like flatt som Danmark og det er like populært med sykkel. Det er ein fin by, akkurat stor nok. Med tog kjem du deg til Paris på tre timar og Bordeaux på to. Skulen var svært internasjonal, så dei fleste kunne snakke engelsk utan problem.

Var det noko du ikkje likte?

– Det er sant det som alle seier, franskmenn er ikkje så glad i å snakke anna enn fransk. Prøver du deg litt på deira språk er dei meir opne for å snakke engelsk. Men eg vart kjent med fleire hyggelege franskmenn. Elles er det franske systemet annleis enn heime - dei har siesta frå tolv til to, og då er det umogeleg å få gjort noko. Det er også heilt normalt å betale med sjekk.

Skulen var ikkje heilt slik som eg hadde forventa. Det var mykje tull, til dømes at fag vart tatt av planen eller utsett. Dette resulterte av og til i mange fag på ein gong. Det var også litt kluss mellom skulen heime og skulen i La Rochelle. Dette gjaldt studiepoenga, fordi avtalen plutseleg endra seg då eg kom til Frankrike, men det ordna seg.

Korleis var undervisninga?

– Eg hadde undervisning på engelsk. Eller, det skulle vere på engelsk. Det hendte vi hadde lærarar som snakka litt blanding av kinesisk, fransk og engelsk. I starten hadde eg eitt fag om gongen og så eksamen. Etter kvart vart alle fag køyrt samstundes, og nokon hadde til og med to eksamenar på same dag. Dette slapp eg. Eg hadde fransk halvanna time i veka og eksamen i mai.  Eg gjekk ikkje på språkkurs før utvekslinga, men ser i ettertid at det hadde vore lurt å få med seg.

Korleis vart du kjend med folk?

– Vi hadde ingen samlingar for å bli kjent med andre studentar. Så det var berre å ta folk i handa og sei hei. Alle som reiser på utveksling er i same bås, difor er dei fleste gira på å komme i gang med moroa. Det er faktisk det beste studentmiljøet eg har vore med på nokon gong. Eg vart kjend med fleire lokalestudentar, men flest Erasmus-studentar.

Kva gjorde du på fritida?

–  Eg gjorde andre ting enn å ete kebab og drikke øl, altså. Vi var ein god gjeng som samlast for å spele fotball, volleyball, bade, reise på turar, filmkveldar, grille, bowling og kino.  Eg kan fortsette å ramse opp aktivitetar.

Kva råd gjev du dei som har lyst å reisa på utveksling?

– Ikkje ver redd for å smake og prøve nye ting. Godta at ein ikkje får tak i skikkeleg mjølk og ostepop, sjølv om det er vanskeleg. Ver optimistisk og respekter andre kulturar.

Hugs å hald kontakten med dei som sitt heime, det er fort lett å gløyme når ein er ute. Det kjem også til å vere heilt forferdeleg å reise frå alle dei nye venene du får. Hald kontakten, og prøv å møt kvarandre. Eg har allereie vore i Litauen på besøk, og får besøk no i sommar av ein gjeng. Så eg veit det er mogeleg å få det til.

Kva var det beste med opphaldet?

– Det har aldri vore kjekkare å gå skulen enn det var i La Rochelle, og det er i seg sjølv  ein god nok grunn til å reise utanlands. Eg hadde og kjekke turar til Spania, Portugal og Sør- Frankrike. Påska var og noko av det mest spesielle eg har opplevd. Den feira eg på baltisk vis, med raspeballar med kjøttdeig og løk.

Det aller kjekkaste var likevel  alle dei seine kveldane ilag med gode venner der vi berre prata tull, og ikkje ville skiljast og sov ilag alle. Det er slike minne ein tar med seg.

Kva trur du ein får igjen for å reise ut?

– For det første blir ein meir sjølvstending. Ein får  innblikk i andre kulturar, og lærer å respektere andre på ein heilt anna måte. Men det ein også lærer ved slike opphald er at ikkje alle har samme behovet for å reise ut og oppdage verda. Nokon likar seg best inni hola si, der det er trygt og varmt.

Korleis søkte du?

– Eg søkte først til skulen min heime  om å få lov å reise ut. Deretter søkte eg Erasmus-stipend. Skulen min sendte søknaden til skulen i Frankrike.

Korleis fann du stad å bu?

– Eg betalte seksti euro for at skulen i La Rochelle skulle finna ein stad til meg, og fekk ein heilt knall hybel i utkanten av byen.

Kan du seia litt om kostnader?

– Eg betalte 350 euro i husleige kvar månad, men ingen skulepengar. Mat og drikke var billegare enn i Norge – til dømes kosta ein oksebiff to euro, det vil seie 16-17 kroner. Eg lærte meg å steike biff, for å seia det slik. Eg fekk økonomisk støtte frå Erasmus og frå Lånekassen.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) | Copyright © 2019
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern