- Det er veldig gøy, ein lærer mykje og ein angrar ikkje

Morten (20) tok vidaregåande skule i Lyon i Frankrike. No er han tilbake i Noreg og studerer for tida på NHH i Bergen. 

Kva gjorde at du valde å ta vidaregåande utdanning i Frankrike? 

Eg valde å ta vidaregåande i Frankrike fordi eg trudde det kunne vere ei fin moglegheit til å prøve noko nytt, oppleve ein ny kultur og lære eit nytt språk.

Kunne du fransk frå før? Korleis gjekk det med språket?
Eg kunne veldig lite fransk frå før. Eg hadde hatt det på ungdomsskulen og eitt år på vidaregåande. Eg lærde fort når eg først kom ned til Frankrike, men i starten vart det mykje tull. Ein seier mykje feil, men etter kvart går det greitt. Ein merkar fort kor mykje ein har lært og kor fort ein har lært det, og så går det veldig greitt til slutt.

Kva var det kjekkaste med å vere i Frankrike?
Det var vel kanskje vêret. Det saknar eg veldig. Det var sol og varmt store deler av året. Og så er det noko med å bli kjent med ein annan kultur og eit anna språk, og det å være litt på eigenhand og prøve å vere litt sjølvstendig i ein ung alder.

Korleis var det sosiale?
Man reiser jo ned med andre norske, så man får jo eit norsk nettverk i Frankrike, og man får franske vener ganske fort. Eg hadde eit veldig morosamt og spennande sosialt liv.

Korleis blei de tatt i mot av dei franske elevane?
Dei tok oss veldig godt i mot. Dei tykkjer jo at det er morosamt med nordmenn som ikkje kan språket, som sit der ved sidan av dei første skuledag. Man blir tatt godt vare på og dei hjelper med å forstå kva som hender i og utanfor klasserommet.

Kva var det mest utfordrande med å vere i Frankrike?
Det mest utfordrande var vel språket. Det var litt tøft i starten. Det var vanskeleg å gjere seg forstått og det kan være vanskeleg når ein ikkje alltid får seie det ein ønskjer og når ein ikkje forstår kva som går føre seg i ein samtale. Det var nok det vanskelegaste.

Kva opplevde du som det største kultursjokket då du kom til Frankrike?
Det største kultursjokket var nok dei lange skuledagane. Det var nokre dagar som var veldig korte, men så var det andre dagar som kunne vare frå 08 til 18. Det kravde ein kondisjon eg ikkje hadde på den tida. Men det er ein vanesak, og til slutt var det ikkje noko tyngre enn ein skuledag i Noreg.

Var det noko kultursjokk då du kom heim igjen til Norge?
Nei, eg var jo ein del heime i Noreg i løpet av ferier, så det var ikkje så stort kultursjokk. Men eg er kanskje litt meir vane med å jobbe med skule enn mine norske venner.

Korleis har opphaldet i Frankrike hatt innverknad på framtidsplanane dine?
Eg tenkjer kanskje litt meir internasjonalt. Eg ser litt meir på internasjonale skular, og tenkjer at det er noko eg kan få til utan problem. Og så er det opna opp eit heilt anna studieland for min del med tanke på språk og utvekslingsmoglegheiter i Frankrike som ein berre kan besøke når ein kan fransk.

Korleis trur du opphaldet i Frankrike vil ha innverknad på karrieremoglegheitene dine?
Eg trur at åra i Frankrike vil påverke karrieremoglegheitene mine på ein positiv måte, absolutt. Det er ikkje eit minus å kunne eit ekstra språk eller å ha budd i utlandet i tre år.

Korleis er det å studere i Norge etter å ha vore tre år i Frankrike?
Det er deilig å vere tilbake til Norge, eg må seie det. Det er noko med å vere med andre nordmenn som er fint. Men eg tykkjer at eg fekk ein arbeidsmoral og arbeidsvaner i Frankrike som eg får mykje att for no.

Kva råd og tips har du til folk som tenkjer på å ta vidaregåande utdanning i Frankrike?
Gjer det! Det er veldig gøy, ein lærer mykje og ein angrar ikkje.

Kjem du til å reise tilbake?
Eg kjem nok til å reise tilbake på utveksling eller for å studere en annan gong, absolutt.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) | Copyright © 2019
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern