– Brasilianarane er åpne og likar å snakke med «gringos». Dei koser seg veldig med språkfeil, og er interesserte i utlendingars oppfatningar om kva som er typisk brasiliansk, fortel Elen Fatland. (Foto: Privat)

– Språket betyr alt, å kunne litt før du reiser hjelper mykje

– I Brasil må bachelorstudentar tidleg ut og prøve seg på eiga forsking.

– I Brasil må bachelorstudentar tidleg ut og prøve seg på eiga forsking, seier Elen Fatland, som skreiv bacheloroppgåva si i landet.

Elen Fatland var på utveksling frå Universitetet i Oslo (UiO) til Florianópolis, der ho tok delar av bachelorgraden sin på Universidade do Estado de Santa Catarina (UDESC) og Universidade Federal de Santa Catarina (UFSC). Undervisningsopplegget på universiteta der ho gjekk, var annleis enn heime, fortel ho.

– Det er små klasser, og studentane har tett kontakt med professorane. Det er lagt opp til meir kontinuerlig arbeid gjennom semesteret. Som student har ein stort sett alltid oppgåver som skal leverast inn, eller presentasjonar som skal framførast.

Mange timar på feltarbeid

UiO har avtale med UDESC, men sidan dei ikkje tilbydde alle faga Fatland ville ta, tok ho nokre av dei på eiga ansvar ved UFSC. Fatland fekk løyve av UiO til å skrive bacheloroppgavå si i Brasil, og ein professor ved UDESC var veiledaren hennar. Den brasilianske institusjonen setjer krav til eiga forsking i bacheloroppgåva, som den norske studenten og måtte følge.

Kva gjorde de i feltarbeidet?

– Vi tilbrakte mange timar i arkiv og på feltarbeid, både i sosialantropologi og historie. Pinsekyrkjelydane står sterkt i Brasil, og i faget sosialantropologi var vi ei lita gruppe studentar som intervjua kyrkjelydane sine leiarar i Florianópolis. Vi forska på korleis dei behandlar og omtalar afro-brasilianske religionar, som candomble og macumba, til si kyrkjelyd, seier Fatland.

I historiefaget forska Fatland på styresmaktenes inngrep overfor dei fattige under ein større urbaniseringsprosess i Florianópolis på 1920- og 30-talet, som skulle fjerne sjukdommar knytta til dårlege levevilkår i bysentrum. Materialet fann ho i gamle avisarkiv på det statlege biblioteket i byen.

Koser seg med språkfeil

Viss Fatland møtte på nokre utfordringar som norsk student, var det språket. All undervisning, prøver og innleveringar er på portugisisk. Etter fire-fem månader kunne Fatland forstå det aller meste, og ho har seinare fått bruk for portugisiskkunnskapane i jobbsamanheng.

– Språket betyr alt, og å kunne litt før du reiser hjelper mykje. I byrjinga av studieopphaldet er det lurt å eksponere seg mest mogleg for språket ved å bu hos ein familie eller brasilianske vener, gå på teater, sjå på TV og lese aviser, fortel ho.

– Du lærer heldigvis fort, fordi du ikkje kjem langt med engelsk. Brasilianarane er òg opne og likar å snakke med «gringos». Dei koser seg veldig med språkfeil, og er interesserte i å høyre utlendingars oppfatningar om kva som er typisk brasiliansk. Dei likar òg å høyre om korleis det er i heimlandet ditt.

Kva utbytte har du hatt av studieerfaringa frå Brasil?

– Opphaldet i Brasil ga meg først og fremst ny innsikt i den brasilianske kulturen og språket. På universitetet brukar dei ein del latinamerikanske teoretikarar som eg ikkje kjende til frå før. Denne kunnskapen har komme godt med i mastergradstudia i latinamerikanske studiar på UiO, seier Fatland.

Utdanning i Brasil

  • I 2017 var det 30 norske delgradstudenter i Brasil
  • Det finnes fire kategorier høyere utdanningsinstitusjoner
  • Det  finnes rundt 2400 offentlige og private høyere utdanningsinstitusjoner 

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern