– Brasilianarane har glede og gjestfridom som eg aldri har opplevd tidligare.
Høyere utdanning – utveksling
12 måneder
Praksisopphaldet i den brasilianske favelaen har gjort inntrykk på masterstudenten Line Lande. Sjukdom og lidingar kunne ofte vært unngått ved enkel kunnskap, seier ho.
Studenten frå Høgskolen i Østfold tek ein master i psykososialt arbeid, og ville reise til Brasil for å utforske kva for sosiale problem som finns i eit land langt vekk, samanlikna med den norske velferdsstaten.
– Noko som gjorde inntrykk på meg var den store skilnaden mellom fattig og rik. Eg budde sjølv i ein fin og velståande del av Brasil, og reiste ut til favelaen i byen Jacaraípe kvar dag. Problema i den velståande delen av befolkninga var relativt like dei vi har her i Noreg, men var svært annleis i favelaen, seier Lande, og fortel at dei sosiale problema er knytt til fattigdom, tenåringsgraviditetar, analfabetisme, alkoholisme og sjukdom.
Som student på Universidade Federal do Espírito Santo (UFES) var Lande knytt til organisasjonen CEPAS, som universitetet har ein avtale med. Leiaren er og professor ved universitetet. CEPAS arbeidar forebyggande for å myndiggjere menneska til å bli meir aktive i sitt eige liv.
– Jobben her bestod av tett oppfølging av borna i favelaen og deira familiar, informasjonskampanjar og heimebesøk. I Noreg har ein institusjonar som har ansvar for hjelpa, og problema i Brasil er av ei anna form. Mange av innbyggjarane i favelaen er ikkje er folkeregistrert. Born- og tenåringsgraviditetar, samt sjølvaborteringar, er hyppige problem som i verste fall medfører dødelegheit, seier masterstudenten.
Sosionomstudentane jobba i team med medisinstudentar frå UFES under heimebesøka, som sjekka familiane sin fysiske helse. Saman med sosionomstudentane kartla dei familiens sosiale problem og utfordringar.
Studenten fortel at nokre av utfordringane dei møtte på i favelaen, var kriminalitet som tjuveri og gjengoppgjer.
– Ein må ta forholdsreglar med å bruke enkle klede og lite smykkar. Vi hadde alltid på oss t-skjorta til organisasjonen CEPAS, då denne organisasjonen er godt kjent for menneska i favelaen. Då veit innbyggarane at vi er menneske som jobbar for å hjelpe dei.
Eit eksempel på dette var i byrjinga av opphaldet hennar. Ei dame på bussen til favelaen spurde om hun skulle halde Lande sin sekk, sidan ho måtte stå på ein fullstappa buss. Ho sa først nei takk. Men etter nokre bussturar var det fleire som spurte, og til slutt let ho ein mann halde sekken på fanget sitt under heile turen.
– Etter kvart vart det nesten ei vane at ukjente passa på sekken min, medan eg sto. Eg byrja å spørje andre om eg skulle halde sekkane deira på bussen. Eg ville jo ikkje vere ein sær nordmann heller. Gjestfridomen og omtanken blant brasilianarar er stor sjølv for ukjente medpassasjerar, seier ho.
Kva utbytte har du hatt av studieerfaringa frå Brasil?
– Det er eit land som ikkje har eit styresett som i Noreg, og det merkast i utfordringane ein opplev. Men likevel har brasilianarane glede og gjestfridom som eg aldri har opplevd tidligare. Eg har fått eit meir nyansert bilde av menneskje, er meir uredd, og open for folk som er annleis enn meg. Dette er i dag ei føresetnad sidan eg til dagleg arbeidar med menneske av minoritetsbakgrunn. Opphaldet i Brasil gav meg rett og slett meining.
Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim
Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Personvern
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Følg oss på Youtube