– Eg hadde verkeleg sansen for det brasilianske studieopplegget, sidan du unngår det ekstreme presset ein alltid kjenner i Noreg før eksamenstid, seier Lise Haugland. (Foto: privat)

– Eg har lært språket flytande

– Eg kjenner meg litt unik som har god kjennskap til et land som betyr mykje for Noreg.

–Sidan få nordmenn snakkar portugisisk, og Brasil blir stadig viktigare både for Noreg og globalt, ynskja eg å reise dit på utveksling, seier Lise Haugland.

Lise Haugland var utvekslingselev i Brasil gjennom AFS på vidaregåande, og vart veldig fascinert av landet og språket. Som student på Universitetet i Bergen (UiB) bestemte ho seg for å reise tilbake for å lære meir om kulturen og bli tryggare språkleg.

Studenten reiste gjennom ein bilateral avtale UiB har med Universidade Federal de Santa Catarina, der ho studerte brasiliansk historie, afro-brasilianske studium, og portugisisk språkhistorie.

Korleis var det å studere på portugisisk?

– Etter opphalda mine i Brasil har eg lært språket flytande. Eg var einaste utlending på faga mine, utanom i afro-brasilianske studium. Språket vil vere ei utfordring for studentar som ikkje har nokre forkunnskapar i portugisisk. Mi erfaring er likevel at forelesarane tek omsyn til at portugisisk ikkje er morsmålet vårt. Eg leverte inn same innleveringar og prøver som dei andre studentane, men språklege feil vart ikkje slått ned på.

Korleis var det å studere i Brasil?

– Måten semesteret var lagt opp på, var ganske ulikt frå Noreg. Det var også fleire førelesningar enn eg var vand med. Dei starta ofte klokka sju, og ein må rekne med at det tek ganske lang tid å komme seg til skolen. Byane med dei største universiteta er enorme.

Korleis var studia lagt opp?

– Eg tykkjer at universitetet var godt strukturert. Studia minna meg om norsk vidaregåande skule, med kontinuerlege prøver og innleveringar gjennom semesteret. Det er forventa at du jobbar godt gjennom heile semesteret.

Kva utbytte har du hatt av studieerfaringa frå Brasil?

– Eg lærde mykje om brasiliansk historie og kultur, og har no eit godt akademisk portugisisk språk. Eg kjenner meg litt unik som har god kjennskap til et land som betyr mykje for Noreg. Mitt inntrykk er at ein fokuserer mykje meir på kjeldekritikk i Brasil enn ved norske universitet, og dette er noko eg har tatt med meg vidare.

Kva ynskjer du å jobbe med etter studia?

– Eg håpar å finne ein jobb der eg kan få nytte av kunnskapane mine om Brasil og portugisisk. Draumen hadde vore til dømes Statoil, men eg kan og tenkje meg å undervise i portugisisk.

Utdanning i Brasil

  • I 2017 var det 30 norske delgradstudenter i Brasil
  • Det finnes fire kategorier høyere utdanningsinstitusjoner
  • Det  finnes rundt 2400 offentlige og private høyere utdanningsinstitusjoner 

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern