Er du sjølvstendig og eventyrlysten? Vil du oppleve meir, og bli meir? Lære språk slik at det sit og følgjer deg resten av livet? Enten du går på studieførebuande eller yrkesfag, er det fleire vegar til eit kortare eller lengre opphald i utlandet. Nedanfor finn du ein oversikt over ordningar som gjeld for elevar og lærlingar i vidaregåande skule.
Kva er dette?
I Norge finst det mange organisasjonar som tilbyr utveksling for elevar som vil ta Vg2 i utlandet. Nokre organisasjonar er små og nokre store, og nokre driv på kommersielt grunnlag medan andre driv på meir ideelt grunnlag. Det er også andre variasjonar mellom dei, til dømes med omsyn til kva land dei tilbyr utveksling til. Tilbodet vil variere avhengig av kva organisasjon du reiser ut med. Bruk derfor litt tid på å sette deg inn i kva tilbod dei einskilde organisasjonane har, kva dei sjølv seier om tilbodet og kva tidlegare utvekslingselevar har sagt om korleis dei opplevde opphaldet.
For deg som…
… skal opp i Vg2 (andre året på vidaregåande)
Kor lenge?
Heile Vg2
Til kva for land?
Elevar i Vg2 kan velje mellom 30 til 40 land. Dei fleste utvekslingselevane reiser til USA eller til land i Europa.
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Før du reiser, må du søkje om eit førehandstilsegn om godkjenning av utvekslingsåret. Både organisasjonen du reiser med og rådgjevar ved skulen din skal kunne hjelpe deg med å finne frem til kva krav som gjeld, og til å skaffe den nødvendige dokumentasjonen.
Dersom du får året godkjent, kan du gå direkte vidare til Vg3 når du kjem heim. Meir informasjon om godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
Kva kostar det?
Program og prisar varierer frå organisasjon til organisasjon. Ta kontakt med utvekslingsorganiasjonane for å få vite programprisane. Når du har fått førehandstilsegn om godkjenning av utvekslingsåret (se forslag til mal her
) og reiser gjennom ein godkjend organisasjon, har du rett til utdanningsstøtte frå Statens Lånekasse. For å finne ut kva stipend og lån du kan få, sjå Statens Lånekasse sine nettsider
Korleis kan du bli med her?
Ta kontakt med utvekslingsorganisasjonane for å finne eit utvekslingsprogram som passar deg. For å ha rett til stipend frå Statens Lånekasse, må du reise med ein utvekslingsorganisasjon som er godkjend for utdanningsstøtte. Liste over godkjende utvekslingsorganisasjonar
Kva hjelp kan eg få frå organisasjonen?
Organisasjonane som er godkjende, skal mellom anna:
Dersom eg får problem, kva gjer eg?
Alle som reiser ut, må rekne med å møte på utfordringar. I dei fleste fall vil du finne ei løysing på utfordringane i dialog med vertsfamilien eller skulen. Dette er utfordringar du veks på! Andre gonger er problema større. I så fall skal du ikkje nøle med å søkje hjelp.
Når du reiser ut med ein utvekslingsorganisasjon vil du inngå en kontrakt med organisasjonen. Kontrakten regulerer kva rettar og plikter du og organisasjonen har. HK-dir godkjenner organisasjonane, men har ikkje ansvar for å følgje opp dei einskilde elevane.
Det er Forbrukerrådet som er klageinstans om du meiner at organisasjonen du har reist med, ikkje har gitt deg det tilbodet du har betalt for.
Kva er dette?
Mange skular har samarbeidsavtale med ein eller fleire utanlandske skular, som gjer det mogleg for elevar og lærlingar å ta deler av eller heile Vg2 i utlandet.
For deg som
… skal opp i Vg2 (andre året på vidaregåande)
Kor lenge?
Deler av eller heile Vg2, avhengig av kva avtale skulen din har
Til kva for land?
Samarbeidsavtalar kan vere med skular i heile verda, men dei fleste avtalane er med skular i Storbritannia.
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Skulen sørgjer for at du får eit studietilbod i utlandet som gjer at du ikkje blir forsinka i utdanninga. Du skal kunne gå direkte vidare til Vg3 når du kjem heim.
Kva kostar det?
Dersom du reiser gjennom ein godkjend samarbeidsavtale, har du rett til stipend frå Statens Lånekasse. Stipendet vil oftast ikkje dekke alt.
Korleis kan du komme med på dette?
Avtalane gjeld til vanleg elevane ved skulen som har samarbeidsprogram. På nokre av programma er det mogleg å søkje også for elevar frå andre skular. Ta kontakt med rådgivar på skulen for meir informasjon. Liste over vidaregåande skular med godkjende samarbeidsprogram
Kva hjelp kan eg få frå skulen?
Skulen i Noreg skal mellom anna:
Dersom eg får problem, kva gjer eg?
Alle som reiser ut, må rekne med å møte på utfordringar. I dei fleste fall vil du finne ei løysing på utfordringane i dialog med vertsfamilien eller skulen. Dette er utfordringar du veks på! Andre gonger er problema større. I så fall skal du ikkje nøle med å søkje hjelp.
Det er fylkeskommunen som er klageinstans om du meiner skulen ikkje har gitt deg det tilbodet du har betalt for.
HK-dir godkjenner alle avtaler, men har ikkje ansvar for å følgje opp dei einskilde elevane.
Kva er dette?
Gjennom HK-dir kan elevar ta heile vidaregåande på tre ulike skular (studiespesialisering).
For deg som…
… skal byrje på vidaregåande eller skal opp i Vg2 (andre året på vidaregåande)
Kor lenge?
Heile vidaregåande
Til kva for land?
Frankrike
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får fransk baccalauréat og kan fortsetje å studere ved universitet i heile verda, inkludert Noreg. I tillegg får du undervisning i norsk frå ein norsk lærar gjennom heile skuletida. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen og frå HK-dir.
Korleis kan du bli med her?
Les meir om 3-årig vidaregåande i Frankrike her.
Kva er dette?
Gjennom Institut français de Norvège kan elevar ta første året på vidaregåande i Frankrike (studiespesialisering).
For deg som…
… skal byrje på vidaregåande
Kor lenge?
Heile VG1
Til kva for land?
Frankrike
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får godkjent første året på vidaregåande og kan fortsetje på Vg2 heime i Noreg. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen.
Korleis kan du bli med her?
Les mer om ordninga og ta kontakt med Institut français
Kva er dette?
Gjennom Institut français de Norvège kan elevar ta treårig restaurant- og matfag i Frankrike.
For deg som…
… har gjennomført Vg1 restaurant- og matfag og skal opp i Vg2 (andre året på vidaregåande)
Kor lenge?
Heile vidaregåande
Til kva for land?
Frankrike
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Utdanninga er treårig og fører fram til diplomet «Baccalauréat professionnel Cuisine», som er likestilt med norsk fagbrev som kokk. Du får økonomisk støtte frå Lånekassen.
Korleis kan du bli med her?
Les mer om ordninga og ta kontakt med Institut français de Norvège.
Kva er dette?
UWC er ei utdanningsrørsle som bringer ungdomar frå heile verda saman på 18 vidaregåande skular i ulike land. Du får International Baccalaureate (IB) Diploma Program etter fullført utdanning. IB er ein anerkjent 2-årig videregåande utdanning som gjer generell studiekompetanse. Med eit oppnådd IB-diplom kan du kome inn på universiteter og høgskuler over heile verda.
For deg som…
…går eller har fullført norsk Vg1 eller siste året på International Baccalaureate «Middle Years Programme» (IB-MYP-5).
Kor lenge?
Vg2 og Vg3 (2 år)
Til kva for land?
Armenia, Canada, Costa Rica, Eswatini, Hongkong, India, Italia, Japan, Nederland, Noreg (Fjaler i Vestland), Storbritannia (Wales), Tanzania, Tyskland og USA (New Mexico).
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Du får IB-diplom og kan fortsetje å studere ved universitet i heile verda, inkludert Noreg.
Korleis kan du bli med her?
Les meir om UWC og ta kontakt med UWC Norge eller HK-dir.
Kva er dette?
Tyskland tilbyr eigne stipend til norske elevar som er interesserte i tysk språk og kultur. Stipenda dekkjer reise og opphald for tre eller fire veker i løpet av sommaren, og deltakarane blir kursa i tysk språk og kultur.
For deg som...
... er 15-17 år, går på vidaregåande skule og har gode tyskkunnskapar (som svarar til tysk nivå 2), og som er interessert i å lære meir om tysk språk og kultur.
Kor lenge?
Tre eller fire veker i løpet av sommaren. Det finst to litt ulike typar stipend som avgjer kor langt opphaldet blir.
Til kva for land?
Tyskland
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Det får ingen konsekvensar for utdanninga di anna enn at du blir flinkare i tysk. Opplegget går føre seg i sommarferien.
Korleis kan du bli med her?
Snakk med tysklæraren din eller rådgjevaren på skulen. Les meir om Tyske stipend
eller ta kontakt med HK-dir
.
Kva er dette?
Mange vidaregåande skular og fylkeskommunar har ulike samarbeidsavtaler med skular rundt om i verda.
For deg som...
...tek studieførebuande eller går på fag- og yrkesopplæring, anten du er elev eller lærling
Kor lenge?
Lengda på opphaldet varierer etter avtalene skulane har – frå to veker til eit heilt år.
Til kva for land?
For det meste europeiske land, men også ein del land utanfor Europa
Kva betyr dette for utdanninga mi?
Alle desse avtalene inneber at du ikkje går glipp av noko heime, og du blir altså ikkje forseinka i utdanninga.
Korleis kan du bli med her?
Sjekk med skulen eller opplæringsavdelinga i fylkeskommunen og spør om dei har tilbod om utanlandsopphald på vidaregåande. Det er best å sjekke dette før du vel skule, men det er ikkje for seint å sjekke om du alt er i gang med utdanninga.
Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim
Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ Publish - Personvern
Følg oss på Facebook
Følg oss på Instagram
Følg oss på Youtube