Kvalitet

Kvifor skal du som student ta heile eller delar av utdanninga di i utlandet? Det er det mange ulike svar på: For å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og såleis bli dyktigare på fagfeltet ditt. For å heve språk- og kulturkompetansen din. For å få internasjonal erfaring og nettverk. For å bli meir attraktiv på arbeidsmarknaden. For å vekse som person. Og så vidare.

Men kvar skal du studere? I kva for eit land, kva for ein by? Og ikkje minst: Ved kva for universitet eller høgskule?

I Noreg har det vore politisk tradisjon for å gje stor fridom på dette feltet. Norske studentar har stor fridom til å velje kvar dei vil studere. Det er òg brei semje om at internasjonalisering i utdanning er eit gode, og at det skal føre til høgare kvalitet.

Undersøkingar som SIU har gjort, viser at norske studentar som tek ein heil grad i utlandet, vel lærestader av veldig varierande kvalitet. Grovt forenkla: Rundt ein av fire norske studentar går på lærestader av særleg god kvalitet. Men omtrent like mange går på lærestader som ikkje utmerkjer seg eller er av låg kvalitet.

Peikepinn om kvalitet

Dersom den lærestaden du vurderer har kome med på ei av desse listene, gjev det ein peikepinn om kvalitet.

Hugs at slike rangeringar ikkje nødvendigvis viser kor god institusjonen er innanfor akkurat ditt fagfelt. Dei kan òg ha ulike kriterium for å måle kvalitet. Dei fleste rangeringane forklarer kriteria sine. Mange, som ARWU og Times, gjer det òg mogleg å søkje på fagnivå, men då meir overordna, f.eks. humanistiske fag.

Legg merke til at fagspesifikke høgskular og universitet sjeldan blir fanga opp av dei store internasjonale rangeringane, der store breiddeuniversitet har dei beste sjansane. Dersom du er interessert i business-skular, kan Financial Times si rangering vere eit betre alternativ

Blir utdanninga godkjend i Noreg?

Når du vel studium i utlandet, er det viktig at du forsikrar deg om at utdanninga du ønskjer å ta vil bli godkjend i Noreg. Hugs at det er du som har ansvaret for å finne ut om utdanninga du ønskjer å ta i utlandet krev godkjenning når du kjem tilbake.

Dersom yrket du ønskjer å jobbe i er lovregulert (dvs. at du treng autorisasjon), må du finne ut av kva som krevst for å få lov til å jobbe i dette yrket i Noreg. Les meir om dette hos NOKUT.

Informasjon på fagnivå

I land med høge skulepengar arbeider både styresmaktene og private med «forbrukar-rettleiing» i form av statistikk og rangeringar. Her finst det også informasjon på fag- og kursnivå:

  • I Storbritannia finst det rankinglister og statistikk som gjer      det mogleg å samanlikne informasjon om kurs ved alle britiske      institusjonar. . 
  • I USA blir det lagt ut statistikk for enkeltinstitusjonar og rankinglister.
  • EU sin U-Multirank inneheld òg mykje nyttig informasjon, sjølv om ikkje alle lærestader har valt å bli med.
  • Sjå landsidene  for kvart enkelt land for meir informasjon.

Hugs òg på at lærestader i mange land, inkludert mange av dei britiske og amerikanske, er avhengige av skulepengar. Fleire av dei har eigne agentar i Noreg. Dette betyr at informasjonen du får vil bere preg av at det òg er marknadsføring. Utdanning kostar, og difor er det vel verdt å bruke tid på å setje seg inn i kva ein får for pengane.

Les meir på landsidene  for kvart enkelt land.

Utdanningiverden.no er utviklet og vedlikeholdt av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse | Copyright © 2023
Ansvarlig redaktør: Kristin Solheim

Designed by Haltenbanken - Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern